Årsmelding og årsrekneskap 2020 for Sunnfjord kommune er første driftsår i ny kommune. Oppstillingar og noteopplysningar viser derfor ikkje samanlikning mot årsrekneskap 2019. Ny kommunelov frå 01.01.2020 har medført endringar i hovudoversikter, slik at samanlikning mot summen av 4 kommunar før 2020 ikkje blir korrekt.
Årsmelding og årsrekneskap
Kort om årsmelding og årsrekneskap for 2020
- Driftsrekneskapen for 2020 viser samla inntekter på 2 117 mill. kroner.
- Netto driftsresultat er 13,3 mill. kroner eller 0,63 % av driftsinntektene. Dette er 17 mill. kroner svakare enn budsjett korrigert for bruk og avsetjing av øyremerka tilskot.
- Investeringsrekneskap 2020 viser samla utgifter på 257 mill. kroner. Det er eit etterslep på gjennomføring av investeringar då samla budsjetterte utgifter er 603 mill. kroner. Alle investeringsutgifter i 2020 er finansiert.
- Årsrekneskapen for 2020 viser meirforbruk på 17 mill. kroner. Usikkerheit på grunn av første driftsår, uoversiktleg økonomisk konsekvens av korona samt at einingane har vore noko forsiktig i rapporteringa er hovudforklaringa på lågare meirforbruk enn rapportert.
- Sunnfjord kommune er innanfor handlingsregelen om å ikkje auke lånegjelda i 2020, då betalt avdrag utgjer 2,1 mill. kroner meir enn nye låneopptak gjennom året.
- Rentenivået vart kraftig redusert i 2020 som følgje av Korona-pandemien. Ein auke i lånerenta i åra framover vil utfordre den økonomiske situasjonen til kommunen.