Generell personvernerklæring

Personopplysningslova set dei formelle rammene for kva personopplysningar Sunnfjord kommune kan lagre og korleis Sunnfjord kommune kan forvalte desse. Offentleglova definerer retten til innsyn i den offentlege verksemda og kravet til postliste. Her gjer vi greie for korleis Sunnfjord kommune samlar inn og behandlar personopplysningar. Kommunedirektøren er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova. 

Kontaktinformasjon

Sentrale lover og rettleiarar

  • Personopplysningslovaregulerer kommunen sin behandling av personopplysningar.
  • Offentleglova med forskrifter inneheld reglar for når eit dokument er offentleg tilgjengeleg, og når eit dokument skal unntakast offentlegheita. Sunnfjord kommune praktiserer meiroffentlegheit. Det vil seie at kommunen så langt det er mogleg vel at dokument skal vere offentleg.  Dokument som er offentlege er tilgjengeleg i postjournal på heimesida. 
  • Rettleiar til offentleglova
  • Forvaltningslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka di vert behandla. Som part i saka har du særskilde rettar, blant anna om innsyn i saksdokumenta. 
  • Arkivlova gir reglar for korleis arkivskapar skal behandle og oppbevare saksdokument, og reglar for avlevering til arkivinstitusjon. 
  • Helseregisterlova inneheld reglar om korleis helseopplysningar skal behandlast, dette omfattar korleis dei vert sikra, kven som har tilgang og om dei kan utleverast til andre.
  • Særlover