Sprek i Sunnfjord kommune

Bli med på Sprek i Sunnfjord kommune! "Sprek i Sunnfjord kommune" er eit fellestiltak for alle tilsette og politikarar i Sunnfjord kommune.

Kva er Sprek i Sunnfjord kommune?

Kampanjen gjennom appen "Trimpoeng" har gjennom fleire år vore ein populær aktivitet for tilsette og politikarar i Sunnfjord kommune. 

Du samlar poeng ved å sjekke inn med mobilen på elektroniske postar på turmål i ditt nærområde eller når du tek turen til topps.

Frå måndag 18. mars kan du legge inn årets kode, men turmåla er ikkje aktive før 1. april .

Turmål

  • Turmåla er kjente og kjære og ligg både i Sunnfjord, Askvoll, Fjaler, Gloppen, Høyanger, Sogndal og Kinn kommune.
  • Hugs også at alle arbeidsplass er eit turmål, for å motivere tilsette til å sykle eller gå til jobb.
  • Turmåla gir frå 1 til 3 poeng avhengig av om det er ein lett/tung tur. 
  • Du vel sjølv kva rute du går for å kome til turmålet. Vi forventar likevel at du har vore i aktivitet i minst 30 minutt på turen og at det er minst 30 minutt fysisk aktivitet mellom kvart innsjekkingspunkt. 
  • Når du har sjekka inn ein gong, må det gå 12 timar til neste gong du sjekkar inn på same turmålet.
  • Turmåla vert aktive for innsjekking i tida 1. april - 31. oktober 2024.

Premiering

  • Vi trekker tre gåvekort på 500 kroner kvar månad. Du må ha samla 15 poeng i løpet av månaden for å vere med i trekninga.
  • Til slutt vert dei som har oppnådd totalt 100 poeng i heile perioden med på ei trekning av tre gåvekort på 1000 kroner.

Påmelding og eigendel

  • Dette er ein aktivitet der berre tilsette og politikarar i Sunnfjord kommune kan melde seg på. 
  • For å melde deg på lastar du ned appen "Trimpoeng" på mobilen. 
  • Sjå korleis du laster ned appen og melder deg på.  Har du ikkje delteke før, må du skrive inn namn, mobilnummer og e-post. 
  • Har du allereie lasta ned Trimpoeng-appen, treng du berre å legge inn årets kode for å melde deg på. 
  • Årets kode finn du på intranettet til Sunnfjord kommune (må vere innlogga). Treng du hjelp eller har andre spørsmål send e-post til: sprek@sunnfjord.kommune.no 
  • Det er ein eigendel på 150 kroner for å vere med, resten betaler kommunen. Dersom du ikkje oppnår 15 poeng i løpet av heile perioden, må du betale 190 kroner.
  • Når du har meldt deg på, godtar du samstundes at vi behandlar informasjon om trimpoenga og destinasjonane dine for å trekke premiar, og at vi kan trekke eigendelen på løna di.
  • Du kan melde deg på frå 18. mars, men du kan tidlegast sjekke inn på turmåla 1. april. 

Korleis sjekkar du inn på turmålet?

  • Du finn turmåla i appen og «sjekkar inn» når du kjem fram. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei kjekk tilbakemelding på det.
  • Hugs å aktivere stadtenester/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å opne turmålet før turen startar.
  • Får du ikkje sjekka inn på turmålet, send ein e-post til sprek@sunnfjord.kommune.no, så registrerer vi turen for deg i etterkant.
  • Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har. Dette finn du under «Min aktivitetslogg» i appen.

Sprek i Sunnfjord kommune si nettside

Sprek i Sunnfjord kommune si nettside  vil inneholde informasjon om turmåla, kven som er med og poengstatus.

Treng du hjelp eller har spørsmål?

Ta kontakt med Førde tenestetorg, tlf. 57 72 20 00 eller send e-post til sprek@sunnfjord.kommune.no.

Skrive ut ei brosjyre?

Dersom du ønskjer å skrive ut nokre foldarar på papir til eininga di, så er du velkommen til det. Det kan bidra til at fleire får med seg informasjonen. Du finn lenkje til brosjyra på Innsida.

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no