Sunnfjord kommune

Ti skriveråd for gode tekstar

Ti skriveråd for gode tekstar

Dei ti konkrete skriveråda skal hjelpe deg med å ta gode val som sikrar eit korrekt, klart og brukartilpassa språk. 

Her kan du laste ned språkprofilen for Sunnfjord kommune (PDF, 2 MB)

1. Sjå for deg kven du skriv til 

Tenk gjennom kven du skriv til. Er det ein fagperson, ein politikar eller den eldre dama som skal få heimetenester for første gong? Ulike målgrupper krev ulike måtar å kommunisere på. Folk er ulike. Det må òg tekstane våre spegle. 

2. Skriv det viktigaste først

Start alltid med det som er det viktigaste for lesaren, helst allereie i overskrifta. Skriv du svar på ein søknad, vil lesaren vere mest interessert i om søknaden er innvilga. Få det fram i overskrifta: Du får sjukeheimsplass ved..., Avslag på søknad om..., Tilskot på 50 000 kroner er innvilga.

3. Lag informative overskrifter

Skriv hovudbodskapen i tittelen. Stikkord i overskrifter gir lite informasjon. Bruk gjerne ein heil setning og unngå tomme fraser som vedr. 

4. Gjer det enkelt å finne fram i teksten  

Mellomtitlar gir god lesehjelp til mottakaren. Dei kan framheve viktig informasjon og hjelpe lesaren å navigere i teksten. Punktlister gir god oversikt. Avsnitt og luft gjer teksten lettlest. 

5. Imøtekommande og vennleg

Bruk ein hyggeleg tone når du skriv brev og e-postar. Tenk på korleis du ville sagt det om du snakka med han/ho i telefonen. Bruk du og de som tiltaleform. Unngå tredje person (søkar, mottakar, pasient, brukar, tiltakshavar, elev) eller ubestemt pronomen ein

6. Forklar faguttrykk, og bruk ord målgruppa forstår

Unngå stammespåk. Bruk konkrete, presise og kjente ord der du kan. Forklar faguttrykk og interne formuleringar i tekstar som vender seg til folk flest. Skriv forkortingar heilt ut første gong du brukar det i teksten, med forkorting i parentes. 

7. Ver konkret og bruk fleire verb

Tenk på teksten din som ein samtale med lesaren. Erstatt substantiv med verb når vi uttrykker handling. "Vi kan føreta ei vurdering", eller vi kan "vurdere". Skriv aktivt og unngå passivsetningar. 

8. Bruk eit moderne språk, men ver obs på moteuttrykk

Unngå ord og uttrykk som verkar framande eller forelda. Ein såkalla "kansellistil" eller umoderne byråkratspråk skapar unødvendig avstand til lesaren. Ver varsam med moteorda, mange brukar desse orda feil. Døme er "i forhold til", "fokus", "proaktiv" og "framoverlent". 

9. Set punktum og skriv kort når du kan

Gi lesaren tid til å trekke pusten. Bruk korte setningar der det er mogleg. Sei ein ting om gongen. Set punktum ofte. Som regel er setningar med meir enn 30 ord for lange. 

10. Les kvarandre sine tekster og gi tilbakemelding

Det er lett å sjå seg blind på eigen tekst. Ikkje ver redd for å spørje kollegaer om dei kan lese teksten din, og ikkje ver redd for å få og gi tilbakemeldingar på korleis vi skriv. Klarspråk er eit handverk som du kan lære, og tilbakemeldingar er difor alltid nyttig.