Ti skriveråd for gode tekstar

Dei ti konkrete skriveråda skal hjelpe deg med å ta gode val som sikrar eit korrekt, klart og brukartilpassa språk. 

Her kan du laste ned språkprofilen for Sunnfjord kommune (PDF, 2 MB)

1. Sjå for deg kven du skriv til 

Tenk gjennom kven du skriv til. Er det ein fagperson, ein politikar eller den eldre dama som skal få heimetenester for første gong? Ulike målgrupper krev ulike måtar å kommunisere på. Folk er ulike. Det må òg tekstane våre spegle. 

2. Skriv det viktigaste først

Start alltid med det som er det viktigaste for lesaren, helst allereie i overskrifta. Skriv du svar på ein søknad, vil lesaren vere mest interessert i om søknaden er innvilga. 

3. Lag informative overskrifter

Skriv hovudbodskapen i tittelen. Stikkord i overskrifter gir lite informasjon. Bruk gjerne ein heil setning og unngå tomme fraser.

4. Gjer det enkelt å finne fram i teksten  

Mellomtitlar gir god lesehjelp til mottakaren. Dei kan framheve viktig informasjon og hjelpe lesaren å navigere i teksten. Punktlister gir god oversikt. Avsnitt og luft gjer teksten lettlest. 

5. Bruk aktivt og vennleg språk

Bruk ein hyggeleg tone når du skriv brev og e-postar. Tenk på korleis du ville sagt det om du snakka med hen i telefonen. Bruk du og de som tiltaleform. 
Unngå tredje person (søkar, pasient, tiltakshavar) eller ubestemt pronomen ein. 

6. Forklar faguttrykk, unngå forkortingar

Bruk konkrete, presise og kjente ord. Forklar faguttrykk og interne formuleringar. Skriv forkortinga heilt ut første gong du brukar den i teksten, med forkorting i parentes. Bruk berre offesielle forkortingar, ikkje lag dine eigne.Unngå unødvendige forkortingar. Ikkje skriv t.d., skriv heller til dømes. Ikkje skriv fl., skriv heller fleire Ikkje skriv el., skriv heller eller.

7. Bruk språk målgruppa forstår

Unngå ord og uttrykk som verkar framande eller forelda. Eit umoderne 
byråkratspråk skapar unødvendig avstand til lesaren. Du må forstå orda du vel å bruke. Mange brukar desse orda feil; i forhold til, fokus, proaktiv og berekraftig. 

8. Ver konkret og bruk fleire verb

Tenk på teksten din som ein samtale med lesaren. Bruk verb når du uttrykker handling. Ikkje skriv; ”Vi kan føreta ei vurdering”, skriv heller;:”Vi kan vurdere”. 

9. Set punktum og skriv kort når du kan

Gi lesaren tid til å trekke pusten. Bruk korte setningar der det er mogleg. Sei ein ting om gongen. Set punktum ofte.

10. Hjelp kvarandre

Det er lett å sjå seg blind på eigen tekst. Ikkje ver redd for å spørje kollegaer om dei kan lese teksten din. Ver heller ikkje redd for å gi konstruktive tilbakemeldingar på korleis andre skriv. Saman blir vi drivande gode.


Klart språk skapar tillit!