Skriveråd for ulike teksttypar

Vi har laga ein språkprofil som gjeld for alle typar tekstar. Vi skal skrive klart, enkelt og godt uansett kven vi skriv til og kva vi skriv om. I tillegg har vi laga råd og tips om kva som er særleg viktig når du skriv tekstar for nett. 

Språkprofil for Sunnfjord kommune

Last ned språkprofilen for Sunnfjord kommune (PDF, 2 MB)

Nettsider

Når vi les på nett, er vi som regel ute etter å finne heilt konkret informasjon og leiter ved å skanne teksten. Auget fangar opp overskrifter, mellomtitlar, punkt og lenker. 

Vi har samla ein del råd og tips i for sktriving på nett.

Last ned skrivehjelp for tekst på nett (PDF, 267 kB) 

Politiske saker

Politiske saker er meir formelle enn mange andre kommunale tekstar. Samstundes veit vi at det er mange som skal lese saksframlegga. Difor må tekstane fungere godt for både politikarar, administrasjonen, media, samarbeidspartar og folk flest.

Det er laga eigen rettleiar for deg som skriv politiske saksframlegg. 

Last ned skrivehjelp for klart språk i saksframlegg (PDF, 1016 kB)

Brev og vedtak

Det å få innvilga eller avslått sin søknad vil ofte ha stor betydning for ein innbyggar, så når vi skriv vedtaksbrev er det ekstra viktig å sette seg i lesaren sin stad. Det viktigaste for lesaren må komme tidlig i teksten.

E-post

E-post er eit kjapt medium, og av og til kan det gå litt for fort når vi skriv dei. Om e-posten er, eller kan bli ein del av ei saksbehandling, skal du ta han like alvorleg som du ville gjort om du sendte eit brev. Les gjennom innhaldet før du sender, og forsikre deg om at innhaldet er korrekt både fagleg og språkleg.

Folk forventar raske svar på e-post. Om det ikkje er mogleg å svare raskt, bør du sende ein førebels e-post og informere om at det kjem eit fullstendig svar seinare. 

Last ned skriveråd for e-post (PDF, 72 kB)

Referat

Vi skriv referat frå dei fleste møte.  Referat skal vise konklusjonar i møtet, og eventuell fordeling av oppgåver med tidsfristar. Tenk over om det berre er møtedeltakarane som skal lese referatet, eller om det òg er av interesse for
andre? Tilpass språket til lesar. 

Last ned skriveråd for referat (PDF, 59 kB)