Etiske dilemma - teknisk og miljø

I arbeids kvardagen kan det oppstå små og større hendlingar som utfordrar oss i høve dei etiske retningslinjene til kommunen. Her finn du ulike dilemma som kan oppstå i oppvekstsektoren. 

Arbeid med etiske retningslinjer 

Einingsleiar går årleg igjennom etiske retningslinjer med si eining. Det vert sett av tid på samlingar eller kontormøter til å døfte ulike dilemma som kan vere relevante. Døftinga kan skje i mindre grupper eller  samla for eininga. Det er ein fordel at kvar deltakar får litt tid til å tenke igjennom dilemmaet individuelt før fellesdrøfting i gruppa.

Etiske retningslinjer 

Etiske dilemma for teknisk og miljø

Likebehandling

  • Din kollega er minoritet og snakkar eigentleg godt norsk, men du opplever at beskjedar som blir gitt ikkje blir følgt opp. Kva gjer du?
  • Ein kollega omtalar til stadighet at andre driv med «homsefakter» når han skal omtale ting han ikkje likar. Du er usikker på om dette er haldningar eller umedviten språkbruk. Korleis reagerer du?
  • Det blir laga ei sosial «turgruppe» på arbeidsplassen. Berre nokre utvalde blir invitert. Er dette greitt? 

Pengar og eigedelar: 

  • Ein tilsett kjøper konsekvent varer på éin butikk. Du mistenker at vedkomande får rabatt også på private innkjøp som følge av dette. Kva gjer du?
  • Du ser at ein eller fleire tilsette kjøper verktøy på vegne av kommunen, men har mistanke om at vedkomande beheld noko av dette sjølv, privat. Kva gjer du?
  • Du er sakshandsamar på areal og byggesak. Du får tilbod frå entrepenør om ei ekstra rimeleg ombygging av huset ditt, dersom du gjev entrepenøren eit byggeløyve som det eigentleg krev dispensasjon eller omregulering for få utført. Kva gjer du?
  • Du nyttar tenestebil, og på ein trong parkeringsplass skrapar det i metall. Kva gjer du?
  • Ein tilsett tar privat oppdrag i sitt fagfelt, og får betalt for dette utanom sin kommunale stilling. Er dette problematisk for dine tilsette?
  • Tilsette lader bilen på jobb, straumprisen går opp. Er dette ei utfordring?

Utøving av arbeidet:

  • Sakshandsamar gir byggeløyve til nabo/kamerat som er utanfor plan- og bygningslova. Det er mistanke om at sakshandsamaren ved fleire høve har vore «romsleg» i høve løyve til vener/bekjente. Kva gjer du
  • Du som einingsleiar har mistanke om at ein tilsett utnyttar sjukmeldingsordninga. Vedkomande går aldri sjukmeldt over eitt år. Kva gjer du?
  • Du møter ein innbyggar som omtalar din kollega positivt. Kollegaen din har etter di oppfatning gjort mykje meir enn det som ein bør gjere. Kva gjer du?
  • Ein tilsett trykker ofte aktiv på mobil eller pc eller er svært uoppmerksam på jobb. Er det dette greitt og eventuelt kvar går grensa?
  • Ein kollega vel stadig å løyse oppgåver utanfor arbeidstida som kunne vore løyst i arbeidstida. Kvar går grensa for å flytte oppgåver til andre tider slik at dei utløyser overtidsbetaling?

Interessekonflikter:

  • Du oppdagar at bonden på nabogarden forureinar. Bonden er ein god ven av deg, som gjev deg rakaure og ein lammeskrott kvar haust. Kva gjer du?
  • Ein journalist ringer og vil ha utale om  tenestetilbodet. Du kjenner denne journalisten privat og har omtala saka med han privat. Du er heilt ueining med arbeidsgjevar, og har ikkje lagt skjul på dette. Media vil no lage ein sak på dette. Kva svarar du?
  • Ein god venn ringer deg. Ho har ei dotter som ikkje har fått noko sommarjobb i år. Ho lurer på om du ikkje kan ordne noko stilling til ho. Kva gjer du?
  • Naboen sin son som også inngår i dine nære vennekrets, søkjer ei viktig stilling i eininga. Sidan det er du som innstiller og har ansvaret for tilsettinga, så vurderer du om du skal erklære deg inhabil i saka. Skal du det?

Arbeidsmiljø: 

  • Du er i eit  selskap. Ein tidlegare kollega er i same selskap. Du høyrer at vedkomande snakkar nedlatande om tidlegare kollegaer, særskilt sjef. Kva gjer du?
  • Det har vore ei omgjering av arbeidsinnstruks på bakgrunn av politiske vedtak. Du opplever at dette går på «helsa laus», og at innbyggarane ikkje får det dei treng etter di erfaring. Det er blitt ein snakkis på gangen, og det er lett å bli påverka. Kva gjer du?
  • Du møter ein kollega som er i overkant negativ. Ho snakkar ned sine kollegaer om alt dei ikkje klarar. Kva gjer du?
  • Eg ytrar meg negativt på Facebook sidan eigen arbeidsplass no er i media på bakgrunn av utfordringar som har dukka opp.  Er det ok?
  • Du møter ein innbyggar som omtalar kollegaen din negativt, og namngir vedkomande. Kva gjer du?
  • Din kollega er blitt sjukemeldt. Du opplever at denne kollegaen er etter din meining ganske så treig. Du tenker det skal bli godt at han er borte ein periode. Temaet kjem opp i eit møte, og møtet utviklar seg til eit sladdremøte. Kva gjer du?
  • Det er fest på arbeidsplassen. Det har vore høgt trykk over tid, og fleire har bestemt seg for at i kveld «tek vi han heilt ut». Det utviklar seg til eit skikkeleg fyllekalas som kjem til å bli hugsa, men ingenting gale skjer. Ein i kollegiet deler bilete frå festen på SOME av kollegaer som ikkje er i sin beste tilstand. Kva gjer du?

Har du forslag til andre aktuelle dilemma for din sektor?

Send dilemma for di eining til informasjon@sunnfjord.kommune.no