Etiske dilemma - kultur og idrett

I arbeids kvardagen kan det oppstå små og større hendlingar som utfordrar oss i høve dei etiske retningslinjene til kommunen. Her finn du ulike dilemma som kan oppstå i einingar for kultur og idrett. 

Arbeid med etiske retningslinjer

Einingsleiar går årleg igjennom etiske retningslinjer med si eining. Det vert sett av tid på samlingar eller kontormøter til å døfte ulike dilemma som kan vere relevante. Døftinga kan skje i mindre grupper eller samla for eininga. Det er ein fordel at kvar deltakar får litt tid til å tenke igjennom dilemmaet individuelt før fellesdrøfting i gruppa.

Etiske retningslinjer 

Etiske dilemma for kultur og idrett

Pengar og eigendeler

  • Ein tilsett tar privat oppdrag i sitt fagfelt og får betalt for dette utanom sin kommunale stilling. Er dette problematisk for dine tilsette?
  • Tilsette lader bilen på jobb, straumprisen går opp. Er dette ei utfordring?
  • Ein tilsett nyttar lokalet på jobb til privat arrangement ein kveld. Lokalet står ledig og er ikkje bruk på kveldane. Dagen etterpå er det ikkje rydda opp når du kjem på jobb, kva gjer du?

Likebehandling

  • Ein ideell organisasjon og ein sterk næringskjede ber om same teneste, den ideelle organisasjonen ber om redusert betaling for tenesta. Bør ein kome organisasjonen i møte og kor mykje?
  • På ei førestilling kjem ein av publikum og klagar på at den som sit ved sia luktar så stramt at det ikkje er mogleg å vere der. Kva gjer du?
  • Ved diskusjon i eininga er det ofte ein som gråte, ein som vert sint, medan dei andre held seg roleg. Kvar går grensa for å vise kjensler på arbeidet og korleis handtere dette på eininga?

Utøving av arbeidet

  • Einingsleiar og ein av dei tilsett er svært gode venner. Denne tilsette kjem ofte i konflikt med deg som tilsett utan at dette får konsekvensar. Kva gjer du?
  • Ein tilsett nektar å kjøpe inn bøker som er i strid med eigen religiøs/kultur ståstad. Er dette greitt
  • Ein tilsett trykker ofte aktiv på mobil eller pc eller er svært uoppmerksam på jobb. Er det dette greitt om det er jobbrelatert og eventuelt kvar går grensa?

Arbeidsmiljø

  • Du deler kontor og overhøyrer ein kollega som stadig snakkar ned andre på arbeidsstaden. Kva gjer du?

Interessekonfliktar

  • Det er gjort eit politisk/administrativt vedtak som di eining må følgje. Du er svært ueinig i vedtaket og meina at dette førar til eit dårleg tilbod for brukarane. Kva gjer du?
  • Ein journalist har fått greie på din motstand mot det politiske/administrative vedtaket og ringer deg, kva seier du?
  • Som privatpersonar framheva du enkelt personar på sosiale media innanfor ditt fagfelt. Er det utfordringar i dette og bør vi ha ein felles profil i eininga?

Har du forslag til andre aktuelle dilemma for din sektor?

Send dilemma for di eining til informasjon@sunnfjord.kommune.no