Etiske dilemma - Helse og omsorg

I arbeids kvardagen kan det oppstå små og større hendlingar som utfordrar oss i høve dei etiske retningslinjene til kommunen. Her finn du ulike dilemma som kan oppstå i helse- og omsorgssektoren. 

Arbeid med etiske retningslinjer

Einingsleiar går årleg igjennom etiske retningslinjer med si eining. Det vert sett av tid på samlingar eller kontormøter til å døfte ulike dilemma som kan vere relevante. Døftinga kan skje i mindre grupper eller  samla for eininga. Det er ein fordel at kvar deltakar får litt tid til å tenke igjennom dilemmaet individuelt før fellesdrøfting i gruppa.

Etiske retningslinjer 

Etiske dilemma for helse- og omsorgssektoren

Likebehandling: 

  • Du møter ein brukar som du for mange år sidan har hatt ein stor utfordring med i det private. Vedkomande er no blitt hjelpetrengande. Du skal hjelpe til med hygiene. Brukaren tar opp feiden de har hatt og gyver på. Du kjenner at du blir irritert. Vil du greie å likebehandle denne brukaren på lik linje med andre brukarar?  Kva gjer du?
  • Din kollega er minoritet og snakkar eigentleg godt norsk, men du opplever at beskjedar som blir gitt ikkje blir følgt opp. Kva gjer du?

 Interesse konflikter:

  • Du er i teneste med arbeidsbil, og skal inn til ein brukar. Det er snø, og på parkeringsplassen er det fullt. Klokka går, så du svingar inn på fortauet og parkerer. Du skal berre inn og levere medisinar, så du tenker at det er heilt greit. Du går ut av bilen og skal til å låse den, så kjem ein nabo og ber deg flytte bilen. Kva gjer du?
  • Du arbeider i heimetenesta og ser at din kjære gode nabo er blitt brukar av tenesta. Brukar som eigentleg burde hatt heimehjelp, men ikkje ønsker at framande skal vaske hos seg. Du har god kjemi med brukaren og tilbyr deg å komme for å vaske etter arbeid. Vedkomande seier at du skal få betaling om du gjer det. Er dette greit? Kva gjer du?
  • Ein journalist ringer og vil ha utale om  tenestetilbodet. Du kjenner denne journalisten privat og har omtala saka med han privat. Du er heilt ueining med arbeidsgjevar, og har ikkje lagt skjul på dette. Media vil no lage ein sak på dette. Kva svarar du?
  • Min besteven sin far er no blitt pasient. Eg fortel ikkje leiaren min at eg kjenner denne brukaren godt. Eg yter meir til denne pasienten. Er det ok?

Utøving av arbeidet: 

  • Du nyttar tenestebil, og finn ut at du har gløymt nista di. Du vel å svinge innom heime sjølvom det er ein lenger omveg. Du kjem utanfor den oppsette lista og tidsfristar. Einingsleiar spør kvifor du ligg etter. Kva svarar du?
  • Du nyttar tenestebil og på ein trong parkeringsplass skrapar det i metall. Kva gjer du?
  • Som tilsette er du oppteken av brukarmedverknad. Denne brukaren har krevjande pårørande. Dei kjem med krav og innspel til korleis de skal løyse oppgåvene de skal utføre. Det er utarbeida rettningslinjer for korleis de skal utføre tenesta til brukaren. Du er ikkje eining med det som er bestemt frå leiinga. Kva gjer du?
  • Du møter ein brukar som omtalar kollegaen din negativt, og namngir vedkomande. Kva gjer du?
  • Du møter ein brukar som omtalar din kollega positivt. Kollegaen din har etter di oppfatning gjort mykje meir enn det som ein bør gjere. Kva gjer du?
  • I følge vedtak som er gjort skal du ikkje gjere heimehjelpsoppgåver som til dømes å sette på vaskemaskin eller henge opp klede. Du ser at brukar ikkje klarer dette, og du tenker at å sette på maskina tar ikkje så lang tid. Er det greit at du gjer dette?
  • Du er hos brukar, og pårørande er på besøk. Dei tar opp utfordringar som brukar har. Og du er heilt eining med pårørande. Kva seier du?

Arbeidsmiljø: 

  • Du er i eit  selskap. Ein tidlegare kollega er i same selskap. Du høyrer at vedkomande snakkar nedlatande om tidlegare kollegaer, særskilt sjef. Kva gjer du?
  • Du er i eit  selskap. Ein tidlegare kollega er i same selskap.  De jobba tett i denne perioden og hadde god kjemi. De snakkar lett saman, og du blir spurt om både brukarar og tilsette. Kva svarar du?
  • Det har vore ei omgjering av arbeidsinnstruks på bakgrunn av politiske vedtak. Du opplever at dette går på «helsa laus», og at brukarane ikkje får det dei treng etter di erfaring. Det er blitt ein snakkis på gangen, og det er lett å bli påverka. Kva gjer du?
  • Du møter ein kollega som er i overkant negativ. Ho snakkar ned sine kollegaer om alt dei ikkje klarar. Kva gjer du?
  • Eg ytrar meg negativt på Facebook sidan eigen arbeidsplass no er i media på bakgrunn av utfordringar som har dukka opp.  Er det ok?
  • Eg får ein ny turnus, og eg ser at mine utfordringar knytt til arbeidshelg ikkje er tatt til følge. Eg er aleinefar og har utfordringar på helg kvar 3 helg. Eg har bede om å få tilrettelegging for ein periode. Kven snakkar eg med?
  • Du kjem på arbeid og oppvaskmaskina som du sette på om kvelden før du gjekk av vakt står framleis på. Avtalen var at nattevakta skulle at den. Du hatar å tømme vaskemaskina. Kva gjer du? Tømmer du den eller går du og håpar på at andre tar den?
  • Din kollega er blitt sjukemeldt. Du opplever at denne kollegaen er etter din meining ganske så treig. Du tenker det skal bli godt at ho er borte ein periode. Temaet kjem opp under rapporten, og møtet utviklar seg til eit sladdremøte. Kva gjer du?

Pengar og eigedelar:

  • Du er hos brukar, pårørande er på besøk og dei skryt veldig av dei oppgåvene du utfører. Og ønsker å kjøpe blomster til deg.  Kva seier du?
  • Du får ein stor bukett på døra med eit kort med 1000 kroner i. Kortet er signert av ein brukar, med familie. Kva gjer du?
  • Det er snø og glatt ute. Og brukar gir deg ein 200 kroner, og ber deg gå på butikken for å kjøpe snus. Kva gjer du?
  • Ein brukar har eit smykke som de ved fleire høve har snakka om når du har vore med brukar. Ein dag ligg det ein konvolutt på brukar sitt rom med ditt namn på. I konvolutten ligg smykket. Kva gjer du?
  • Er det ok å kjøpe alkohol eller snus/ sigarettar til brukarar, og dei betalar deg med Vipps?
  • Trine er ein positiv person og ein varm sommardag kjøper ho av eigne pengar iskrem til brukarane på avdelinga. Andre kollegaer reagerer på dette negativt på dette. Kva tenker du om dette?

Har du forslag til andre aktuelle dilemma for din sektor?

Send dilemma for di eining til informasjon@sunnfjord.kommune.no