Etiske dilemma - felles

I arbeids kvardagen kan det oppstå små og større hendlingar som utfordrar oss i høve dei etiske retningslinjene til kommunen. Her finn du ulike dilemma som kan oppstå i stabseiningane. 

Arbeid med etiske retningslinjer i stabseiningane

Einingsleiar går årleg igjennom etiske retningslinjer med si eining. Det vert sett av tid på samlingar eller kontormøter til å døfte ulike dilemma som kan vere relevante. Døftinga kan skje i mindre grupper eller  samla for eininga. Det er ein fordel at kvar deltakar får litt tid til å tenke igjennom dilemmaet individuelt før fellesdrøfting i gruppa.

Etiske retningslinjer 

Etiske dilemma for stabseiningane

Interessekonflikter:

  • Ein god venn ringer deg. Ho har ei dotter på 19 år som ikkje har fått noko sommarjobb i år. Ho hadde tidlegare sommervikar på xx eining, men har ikkje fått noko i år. Ho luraer på om du ikkje kan ordne noko stilling til ho. Kva gjer du ?
  • Naboen sin son som også inngår i dine nære vennekrets, søkjer ei viktig stilling i eininga. Sidan det er du som innstiller og har ansvaret for tilsettinga, så vurderer du om du skal erklære deg inhabil i saka. Skal du det?

Pengar og eigedelar: 

  • Du registrer ved ein tilfeldigheit at ein av dine venner som arbeider i xxx eining har fått eit kompetansetillegg på 20.000 pr år som ho eigentleg ikkje har krav på. Vedkomande er no i eit samlivsbrot og har det psykisk vanskeleg.  Ho har det også økonomiske vanskeleg slik at ho treng alle dei kronene ho kan få. Kva gjer du?
  •  Du har i 20 år arbeidd saman med Pernille, som du òg omgår litt på fritida. Ho mista mannen sin for om lag eitt år sidan grunna kreft. Dette har gått hardt inn på ho. På ei kveldsvakt oppdagar du at ho forsyner seg av smertestillande tablettar frå ein pasient. Kva gjer du?
  • Du må innom jobben din ein laurdag ettermiddag. Du oppdagar ein kollega som står og kopierer. Du ser at det er ei betydeleg mengde fargekopiar som ligg der. Du registrer at det står; Velkomen til Bjarte sin konfirmasjonsdag! Kva gjer du?

Arbeidsmiljø:

  • Du er på veg inn i fellesrommet, då du registrerer og høyrer at to av dine kollegaer snakkar om ein tredje kollega. Dei omtaler denne personen i ganske ufine ordlag. Du føler at dette er urimeleg. Du opplever at denne kollegaen uføre sine oppgåver på ein bra måte, og er hyggeleg med sine kollegaer og brukarar. Kva gjer du?

Utøving av arbeidet:

  • Du kjem tilfeldigsivis forbi ein kollega som tydelegvis har ei svært privat samtale på sitt kontor. Du høyrer av samtalen at ho omtaler ein brukar, og det dei snakkar om er i høgste grad fortruleg informasjon. Kva gjer du?
  • Du er på handel, og oppdagar ein av dine brukarar kjem køyrane til butikken. Du veit at vedkomande har ein diagnose som har ført til at vedkomande er fråteken sitt førarkort. Kva gjer du?

Har du forslag til andre aktuelle dilemma for din sektor?

Send dilemma for di eining til informasjon@sunnfjord.kommune.no