Digital sjukmelding

Digital sjukmelding kan du sende via smarttelefon, nettbrett eller PC. Du brukar BankID, Buypass eller Commfides for å logge deg inn. 

Levering av sjukmelding på papir?

Om du ikkje kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding. Då må du levere sjukmeldinga di på papir. Det same gjeld om den som sjukmelder deg ikkje kan bruke digital sjukmelding. 

Om du vert sjukmeldt

  • Når du er hos legen og får ei sjukmelding må du syte for å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i. 
  • Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding.
  • Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.
  • Når sjukmeldinga går mot slutten vil du få varsel på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar. 
  • Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmeldinga).

Meld frå til leiar om du blir sjuk

Om du vert sjuk og ikkje kan møte på jobb, skal du ta kontakt med næraste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg.

Meir om digital sjukmelding 

Informasjon om digital sjukmelding finn du på nav.no

Spørsmål?

Om du  har behov for hjelp, ta kontakt med leiaren din.