Spelereglar for brann og redning

Spelereglane er gjeldande for alle tilsette i brann og redning i Sunnfjord kommune.

1. Alle skal behandle kvarandre med gjensidig respekt også når vi er usamde, gjeld både leiing og mannskap, både i direkte dialog og i omtale av andre.

  • Vi skal avstå frå negativ omtale, nedlatande karakteristikkar, baksnakking, utskjelling/ verbale angrep mv. 
  • Vi skal skilje mellom sak og person. 
  • Leiinga skal vere rollemodellar. 

2. Vi har nulltoleranse for mobbing, trakassering, vald, trugslar og annan utilbørleg åtferd.


3. Eininga skal vere prega av openheit og god informasjonsflyt.    

 

  • Leiinga skal informere dei tilsette løpande.
  • Som tilsett kan ein likevel ikkje vente at all informasjon tilflyt alle umiddelbart. 
  • Det den enkelte sitt ansvar å halde seg oppdatert på informasjon som blir gitt i nyheitsbrev, på nettsida mv. 

4. Leiinga har eit særskilt ansvar for arbeidsmiljøet, men eit godt arbeidsmiljø skapar vi i fellesskap. 

  • Hugs at den enkelte sitt bidrag er viktig, du har både ansvar og mogelegheit til å bidra positivt til arbeidsmiljøet! 
  • Tilsette har medverknadsplikt, jf. arbeidsmiljølova § 2-3: «Arbeidstaker skal delta i det organiserte verne- og miljøarbeidet i virksomheten og skal aktivt medvirke ved gjennomføring av de tiltak som blir satt i verk for å skape et godt og sikkert arbeidsmiljø».

5. Tillit skal byggjast over tid.

  • Leiinga er innforstått med at det vil ta tid å etablere gjensidig tillit.
  • Mannskapa skal likevel føle seg trygge på at leiinga sitt mål er å ta avgjerder til det beste for heile Sunnfjord brann og redning. 

6. Det skal vere stor takhøgde i eininga, og rom for å kome med innspel. 

  • Gi og ta i mot innspel og tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte.
  • Alle innspel skal takast på alvor. 
  • At eit innspel ikkje fører fram, betyr ikkje at det ikkje er vurdert. Mange forhold i eininga er avhengig av økonomiske løyvingar mv. som ligg utanfor einingsleiinga sin kontroll. 

7. Vi skal bygge eit lag – Vi er EIN.

  • Engasjert – Inkluderande – Nær (Sunnfjord kommune sine verdiar). 
  • Vi er ei eining, sjølv om stasjonsstrukturen gjer at ein naturleg får eit sterkare forhold til sin stasjon.
  • Vi skal ha tiltru til kvarandre sin kompetanse, og vere opne for at vi kan lære av andre og ha gjensidig utbytte av auka dialog og samhandling.