Sunnfjord kommune

Vintervedlikehald kommunale vegar i Sunnfjord kommune 2021 – 2026

Vintervedlikehald kommunale vegar i Sunnfjord kommune 2021 – 2026

Sunnfjord kommune ønsker tilbod på vintervedlikehald av kommunale vegar på dei tre brøyterodene: Viksdalen og Vikumvegen, Kleppe, og Oppedal.

Arbeidet omfattar tilsyn av rode, brøyting, etterrydding og strøing.

Frist for å levere anbod

27. oktober 2021, kl. 12.00

Tilbod skal innehalde alle dei opplysningane som tilbodsdokumenta krev. Mangelfulle tilbod kan bli forkasta. Tilbod som kjem inn etter fristen vil bli avvist.

Anbodspapira og rodekart 

Kontakt

All kommunikasjon i tilbodsfasen skal skje skriftleg på e-post til: Sissel.vedvik@sunnfjord.kommune.no

E-posten skal ha tittel: Spørsmål til anbodskonkurranse om vintervedlikehald.

Det skal ikkje vere anna kontakt/kommunikasjon med oppdragsgivar når det gjeld tilbodskonkurransen enn nemnde e-postadresse. Kontakt retta mot andre enn nemnde kontaktpersonar under utarbeiding eller evaluering av tilbod vil kunne føre til diskvalifisering av tilbydar.