Vil du gi litt tid som Home-Start Familiekontakt Home-Start Home-Start Familiekontakten er eit frivillig tilbod til småbarnsfamiliar som opplever ulike utfordringar i kvardagen. Hjelpa blir ytt av frivillige familiekontakter som kjem heim til familien ein gang i veka, 2-4 timar kvar gang i ein periode på ca. seks månader. Førebuingskurs Home-Start Familiekontakten Sunnfjord treng å rekruttere nye familiekontakter, og vi startar derfor nytt førebuingskurs i september 2022. Har du litt tid til overs, og likar du å vere saman med barn og familiar. Bli med på kurs og bli familiekontakt i Home-Start! Meir informasjon Ta kontakt med Inger Cesilie på tlf 908 947 88 eller e-post: inger.cesilie.fitje@sunnfjord.kommune for meir informasjon! Du kan og finne informasjon på nettsida til Home-Start Familiekontakten Home-Start Familiekontakten blir drifta av Sunnfjord kommune. Kyrkja i Sunnfjord og Helse Førde er samarbeidspartar. Sist endra 10.06.2022 09.13