Vi treng forslag til kandidatar til råda for eldre, ungdom og menneske med nedsett funksjonsevne

11. september er det kommunestyreval. I ettertid skal det nye kommunestyret velje samansetting av eldreråd, ungdomsråd og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. 

Fristen for å foreslå kandidatar er mandag 2. oktober 2023.

Illustrasjon Gregory Idehen

Organisasjonar som representerer eldre, ungdom eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppfordra til å foreslå kandidater.

Formålet med råda er å sikre en brei, open og tilgjengeleg medverknad for eldre, ungdom og personar med nedsett funksjonsevne i saker som angår dei. Råda skal ikkje behandle saker som gjeld enkeltpersoner.

Medlemmene i eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne blir rekna som folkevalde og blir valde av kommunestyret for fire år, i samsvar med kommunestyreperioden 2023–2027. Medlemmene i ungdomsrådet blir valde for eitt år 2023–2024.

Kven kan sitte i råda? 

Utgangspunktet er at alle eldre personar i kommunen kan bli vald til å sitte i rådet, kandidaten må ikkje vere medlem i organisasjonen som fremjar hen. For å sikre breiast mogleg representasjon, bør råda bestå av personer med ulik erfaring og bakgrunn.

  • Over halvparten av Eldrerådet sine medlemmer skal vere over 60 år, jf. koml. § 5-12.
  • Medlemmene i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.

Kommunelova sitt krav om kjønnsbalanse gjeld også for råda. så det er ei fordel om vi får forslag til kandidatar frå begge kjønn.

Dei som skal sitte i råda må kunne:

  • ta ordet i en forsamling
  • skrive forslag til vedtak
  • sette seg inn i sakspapirer
  • representere meningar og interesser frå gruppa dei representerer

Medlemmer og møtande varamedlemmer i råda får møtegodtgjersla for pliktige møte. Møtegodtgjersla dekker også for- og etterarbeid, som å sette seg inn i sakspapira, skrive forslag til vedtak osv. Alle nye medlemmer vil få opplæring.

Slik foreslår du kandidater

Forslaget må innehalde:

  • namn og kontaktinformasjon til organisasjon som kjem med forslaget
  • namn og kontaktinformasjon til kandidat(ane)
  • informasjon om kva organisasjon vedkommende representerer
  • kort grunngjeving for kvifor dette er ein god kandidat (bakgrunn, erfaring, alder) 
  • stadfesting frå kandidat(ane) om at hen kan bli valt til rådet  (e-postmelding er tilstrekkeleg) 

Send forslag innan måndag 2. oktober på e-post til politisk sekretariat eller med brev. 

E-postadresse: politikk@sunnfjord.kommune.no  

Postadresse: Til Sunnfjord kommune, Postboks 338 6802 Førde

Kva skjer med innsende forslag?

Alle forslaga til kandidatar blir lagt fram for formannskapet, som gjev innstilling til kommunestyret. Det er kommunestyret som vel råda, og som vedtek både samansetting og kor mange medlemmer råda skal ha.

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne på e-post