Vestland fylkeskommune gir 2 millionar til trygge russearrangement

Ideelle organisasjonar og frivillige kan no søkje om midlar til tilrettelegging av russearrangement. 

Hovudutval for opplæring og kompetanse løyvde i januar inntil 2 millionar kroner til tilrettelegging av russearrangement i regi av ideelle organisasjonar og frivillige i fylket.

Les meir om midlane på nettsida til Vestland fylkeskommune 

Korleis søkje

Frivillige og ideele organisasjonar som vil søkje om tilskot kan sende ei kortfatta søknad til Lene.Mari.Fjeldsbo@vlfk.no.  

Søknaden må innehalde informasjon om arrangementstad, tidspunkt for arrangement, korleis ein vil ivareta sikring og vakthald, sanitære fasilitetar og avfallshandtering.

Søknadsfristen er 20. mars.