Sunnfjord kommune

Verkstad i Viksdalen om klimatilpassing

Verkstad i Viksdalen om klimatilpassing

 

  • Korleis opplever innbyggjarane i Viksdalen flaumfaren i dag?
  • Kva er akseptabel risiko og kva utfordringar vil vi møte?
  • Kva kunnskap har vi og kva veit vi for lite om?

Bli med på forskinga

Klimaendringane aukar risikoen for ekstremnedbør og flaum. Dette legg føringar for noverande og framtidig arealbruk i Vikja og andre stader i Viksdalen.

Denne kvelden kan du treffe forskarar, myndigheiter, forsikring med fleire for å få vite meir om kunnskapsgrunnlaget og for å delta i diskusjonar om risiko og klimatilpassing.

Hold av tidspunktet. Detaljert program blir annonsert når det nærmar seg.

  • 24. mai kl 19-21

Viksdalen nærmiljøråd og Sunnfjord kommune er arrangørar.