Sunnfjord kommune

Ver obs på kva du kastar i do og oppvaskkummen

Ver obs på kva du kastar i do og oppvaskkummen

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Dei som jobbar med avløp i Sunnfjord kommune ber deg no om hjelp! Ved nokre avløpsanlegg registrerar vi ei aukande mengde våtserviettar, q-tips og søppel i avløpsvatnet.  

Bæsj, tiss og dopapir er det einaste som skal i do!

Mange er no heime på dagtid og det har gitt ein del utfordringar på avløpsanlegga. 

Vi må be folk om ikkje å kaste våtserviettar og q-tips i do, fordi det skaper mykje meirarbeid og auka smitterisiko for driftsoperatørane, som dagleg må ut og reinske avløpspumper. Du risikerer også tilstopping av eigne stikkleidningar og kommunale leidningar, med påfølgjande tidkrevande og, i verste fall, kostbar oppreinsking. 

Vår jobb er å halde avløpsanlegga i dagleg drift, og å sørge for trygg og god handtering av avløpsvatnet. Din jobb er å kaste våtserviettar, q-tips og søppel i søppelbøtta. Feitt og matrestar skal i restavfallet.