Sunnfjord kommune

Velkommen til ny kommune!

Velkommen til ny kommune!

Klikk for stort bilete Oskar Andersen Kjære jølstringar, gaulværingar, naustedølar og førdianarar. Kjære Sunnfjordingar!

Startskot for Sunnfjord kommune 

1. januar 2020 gjekk vi i fellesskap inn i Sunnfjord kommune.

Ein kommune kor Gaula framleis skal renne, og Osfossen framleis skal kaste seg i Dalsfjorden slik den har gjort i tusenvis av år.
Ein kommune kor solnedgangane skal farge Heilefjellet, og laksen søke opp Nausta som alltid.
Ein kommune kor Huldefossen buldrande, men etter kvart meir roleg skal møte Jølstra, kor dei begge fer vidare til Førde, der dei møter Anga og Halbrendsfossen.
Ein kommune kor Jølster framleis òg skal vere Jølster, med Isdronninga, og flammen over Jølster.


Vi er gamle, gode kjenningar og naboar, og har vore det i mange hundre år. Vi er slekt og vener på kryss og tvers av dei gamle kommunegrensene.


Og det vi no har gjort, er å bestemme oss for å arbeide endå tettare i lag. Ja, vi skal bli sterkare i lag – og meir synlege i lag. Vestlandet og Bergen, Ja, heile resten av landet skal få vite endå meir om oss. Og vi har mykje å spele på, og mykje å vise fram:

Vi  har dei gode og trygge lokalsamfunna, kor det er godt å bu og arbeide.
Vi har dei gode skulane, dei sterke fagmiljøa, dei spennande teknologimiljøa, kulturinstitusjonane, volleyballen, den største landbrukskommunen. Ja, lista er uendeleg lang.

Men ikkje minst: 

Vi har viljen til å lykkast!  Og no har 22 000 innbyggarar i den nye kommunen vår gitt seg sjølve ei moglegheit – ein sjanse!


For Sunnfjord kommune, ideen og visjonen om det nye fellesskapet er kanskje først og fremst det:  Sjansen til å få utløyse det veldige potensiale vi har, å få brukt dei store kreftene og evnene våre!


Så kjære alle innbyggarar i den nye kommunen vår. Ta Sunnfjord kommune i bruk. Legg skuldra di til skuta, og ver med og skyv. Slik får den fart og retning.


Lukke til kjære jølstringar, gaulværingar, naustedølar og førdianarar.

Lukke til i det nye året og lukke til med den nye kommunen!

Helsing frå ordførar Olve Grotle