Sunnfjord kommune

Vegarbeid i Liavegen

Vegarbeid i Liavegen

Klikk for stort bileteEntreprenørservice skal på vegne av kommunen gjennomføre fleire mindre tiltak i Liavegen i Førde, for å betre trafikktryggleik i området frå E39 ved Holten til Halbrend barnehage. 

Sunnfjord kommune skal gjere tiltak i Liavegen for å betre trafikktryggleiken for gåande og køyrande ved skule start om morgonen og når elevane skal gå heim på ettermiddag. Planlagt oppstart er etter påske, og vil vare fram til 5. mai.

Arbeidet skal utførast med omsyn til brukarane av vegen og ikkje vere til hinder for ordinære skuleruter. 

Entreprenøren vil ha kontakt med skulane/barnehage/Firda Billag. Dei vil ha stort fokus på mjuke trafikanter og tilpasse arbeidet så langt som råd. 

Det meste av arbeidet er av ein slik art at vegen vil vere open for ferdsel, men ein må rekne med innsnevring og redusert tilkomst.  

Det skal gjerast fleire mindre tiltak med fjerning av gangfelt i kryss ved E39, oppmerking av gangfelt og skilting, rekkverk, utbetring av avkøyrsle til Pernillevegen, endra utforming av rundkøyring, med meir.

Sjå kart for tiltak

Klikk for stort bilete 

Klikk for stort bilete