Sunnfjord kommune

Vedtak - detaljregulering Firdavegen 12B

Vedtak - detaljregulering Firdavegen 12B

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Firdavegen 12B i sak 008/21 den 18.02.2021.Planområdet ligg på Ytre Øyrane, og grensar til Firdavegen i sør og til den kommunale vegen mellom Ytre Øyrane og Rv. 5 i nord. Planen gjeld for gbnr. 21/552, og er på ca. 7 daa. 

Om planen

Planen legg til rette for oppføring av eit nytt kontorbygg på i underkant av 5.000 m2. Framtidig parkering i planområdet vert løyst som del av første etasje. Plan 1 er difor føresett etablert som ope parkeringsanlegg med heistilkomst/hovudinngang til det nye kontorbygget, samt to trappeoppgangar.

Nybygget er gjeve ei utforming med flatt tak og 5 etasjar i vest. Mot aust vert bygget gradvis trappa ned frå 5 etasjar, til 3 etasjar. Dette er mellom anna gjort med omsyn til redaksjonsdelen til Firda Media som ligg nordvest for det planlagde kontorbygget. I femte og fjerde etasje er bygget føresett etablert med takterrassar tilrettelagt for privat uteopphald.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

 

Dokumenta i saka

Ønsker du å klage på vedtaket

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI

Klagen sendast til 

Send klage digitalt her

Du kan også sende merknad på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no

eller i posten til adresse: Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde.

Merk då med sak 20/73

 

Spørsmål

Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du kontakte:

Anniken Heggedal, epost: anniken.heggedal@sunnfjord.kommune.no