Om planen
Planen legg til rette for å føre opp blokker i tre bustadfelt med grøne tun i kvart felt. Lengst vest er det regulert to områder til kombinert føremål for bustadar, kontor, næring, tenesteyting og leilegheitshotell. Det kan etablerst opp til 270 bueiningar i blokker på 3-5 etasjar. Garasjeanlegg skal plasserast under bakken med tilkomst frå gatetuna. Kvart bustadfelt har felles uteopphaldsareal plassert midt i feltet. Arealet i nord mellom Løken og bustadfelta er regulert til naturområde og turveg. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen. Skjøtselsplan for Løken med ulike tiltak, som vart stadfesta i områdeplanen, er ført vidare i detaljplanen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar.

Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn m.a. i høve handtering av matjord, etablering av gate i aust SKV6, og tekst i høve plankart og føresegner. Det vert vist til nærare opplysingar i saksutgreiinga til planvedtak.
Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.
Dokument i samband med vedtak i saka
Ønsker du å klage på vedtaket
Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI
Klagen sendast til
Send klage digitalt her
Du kan også sende merknad på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no
eller i posten til adresse: Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde.
Merk då med sak 20/1699
Spørsmål:
Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du kontakte:
Berit Holme, berit.holme@sunnfjord.kommune.no tlf: 57612716