Sunnfjord kommune

Val av ungdomsråd 2020-2021- innspel frå organisasjonar 

Val av ungdomsråd 2020-2021- innspel frå organisasjonar 

Klikk for stort bileteSunnfjord kommune skal velje ny samansetting av ungdomsrådet den 30. oktober 2020. Organisasjonar som representerer ungdom, som elevråd, fritidsklubbar, ungdomshus og andre blir oppfordra til å kome med forslag til medlemmer og varamedlemmer.

Val av ungdomsrådet


Ungdomsrådet har 20 representantar: 

  • 4 ungdommar frå vidaregåande skular 
  • 14 ungdommar frå ungdomsskular 
  • 2 ungdommar frå organisasjonar som representerer ungdom 

For å sikre at heile kommunen blir representert skal elevråda ved ungdomsskular og vidaregåande skular velje 2 representantar med 1 vararepresentant. 

I tillegg blir andre organisasjonar som representerer ungdom oppfordra til å kome med forslag til kandidatar. Kandidatar til ungdomsrådet kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet (30. oktober 2020). 

Arbeid i ungdomsrådet 

  • Ungdomsrådet skal kome med innspel i politiske saker som gjeld for ungdomen i Sunnfjord kommune. 
  • Ungdomsrådet 6-9 møter i året, tysdagar etter skuletid kl. 16.00 – 18.00. 
  • Medlemmene i ungdomsrådet får møtegodtgjersle og reisekostnadar blir dekte av kommunen. 

Frist til å sende inn forslag

Send forslag til kandidatar til politikk@sunnfjord.kommune.no, innan 1. oktober 2020.