Sunnfjord kommune

Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel til 25. august

Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel til 25. august

Svært mykje regn i sommar gjer at fristen for spreiing av husdyrgjødsel for tilskot gjennom regionalt miljøprogram (RMP) vert utsett til 25. august.

Seinare gjødsling

I mange område i fylket har det vore vanskeleg å hausta førsteslåtten til vanleg tid. Ein del bønder var ikkje ferdige før langt ut i juli. Dette fører til seinare utkøyring av husdyrgjødsel.

Frist til 25. august i regionalt miljøprogram (RMP)

Med utsett frist vert det gjeve regionalt miljøtilskot til føretak som spreier  husdyrgjødsel på arealet sitt seinast 25. august. Den nye spreiefristen gjeld miljøtiltaka «Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging» og «Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange».  I tillegg gjeld det utvalde vassdrag med elvemusling gjennom ordninga «Spreiing av husdyrgjødsel om våren og/ eller i vekstsesongen».

Det vert presisert at arealet etter spreiing skal haustast ved slått eller beiting i år.

  • For areal der det ikkje vert søkt tilskot gjennom regionalt miljøprogram er fristen 1. september.
  • Kommunen kan setje seinare frist enten gjennom eiga forskrift eller ved dispensasjon.

Meir informasjon finn du på sidene til Statsforvaltaren i Vestland