Sunnfjord kommune

Unike aktivitetar for innbyggjarar over 65 år

Unike aktivitetar for innbyggjarar over 65 år

Klikk for stort bilete Gregory Idehen Friskliv- og frivilligsenteret  har fått midlar frå Fylkesmannen og kan i ein prosjektperiode tilby unike aktivitetar for innbyggjarar over 65 år.

Vi kan tilby personleg trenar i heimen

For dei som held seg mykje i eigen heim og har utfordringar med å komme seg ut kan vi tilby personleg trenar via Spenst treningssenter, treninga vil skje i heimen til vedkommande. Her har vi plass til 10 – 12 personar som har eit ok funksjonsnivå, har eit potensiale for framgang og som ikkje har kognitiv svikt. Deltakarane i prosjektet vil få besøk av personleg trenar ein gong per veke i 15 veker.

Prosjektet dekker alle utgifter. Oppstart for tilbodet med personlig trenar i eigen heim vert avtala individuelt.

Les meir om opplegget

Tilbod om transport for å delta på gruppetrening

For dei som ønskjer å vere med på gruppetrening men har utfordringar med å komme seg til og frå ulike aktivitetar kan vi tilby transport, trening i fellesskap med andre, samt eit enkelt og sunt måltid.

Puls treningssenter v/fysioterapeut står for opplegget og treninga vil gå føre seg i deira lokale ein gong pr veke i 20 veker. Her er det plass til 15 deltakarar, prosjektet dekker alle utgifter.

Gruppetreninga vil starte opp i byrjinga av januar 2021.

Smittevernstiltak vert gjennomført slik at det er trygt å delta. Friskliv- og frivilligsenteret tek imot fortløpande påmelding til begge tilboda.

Har du spørsmål?

Kontakt oss gjerne dersom du ønskjer meir informasjon, lurer på om du er i målgruppa eller har andre spørsmål. 

Kontaktinformasjon til Friskliv- og frivilligsenteret