Sunnfjord kommune

Tysdag 22. juni kl 18.00 inviterer vi til LAKSEN-dugnad!

Tysdag 22. juni kl 18.00 inviterer vi til LAKSEN-dugnad!

Klikk for stort bileteLaksen treng vårreingjering, og vi håpar du vil vere med! 

Laksen treng ikkje å bli heilt gullande rein; han likar godt å ha litt mose på stein, men han treng å reinsast for ugras og litt busk og kratt som no har slått rot på han. (Dette i tråd med tankane til kunstnaren, Jørn Rønnau.)

Vi håpar du vil vere med! 

Ta med deg enkel hagereiskap som planteskei / krafse / trekanthakke o.l., og gjerne ei bøtte å samle ugras i. Kommunen stiller med hengar som vi kan samle ugraset opp i, og som blir køyrt vekk dagen etter.

Både med omsyn til smittevern og fordi vi ikkje veit kor mange som kjem, ber vi om at du tar med dugnadsmat og –drikke sjølv denne gongen. 

Kommunalsjef Hilde lovar is til alle etter endt økt!

Saman blir vi drivande gode