7. januar er det tre nye smittetilfeller i Sunnfjord kommune.
Situasjonen er då at vi no har 3 personer i isolasjon med påvist koronasmitte, og om lag 40 personer i karantene som nærkontaktar av desse.
To av dei smitta er busette i Naustdal og ein i Førde. Ingen av sakene er kobla til kvarandre. Vi har god oversikt over truleg smitteveg i to av sakene. I den tredje saka er ikkje dette endå heilt klarlagt. Det er samla sett ca 60 personer i karantene på bakgrunn av desse tre sakene.Den eine som har testa positivt arbeider som fastlege på Skei. Den andre arbeider som fysioterapeut i Førde.
Vi har her fått god oversikt over moglege nærkontaktar hos kollegaer og pasientar, og desse er alle kontakta og sette i karantene.Det har vore god etterfølging av smittevernsrutinane hos begge dei to helsearbeidarane, og vi understrekar at det ikkje er grunnlag for å stenge ned annan drift ved desse kontora.
Legekontoret på Skei driftar vidare som normalt, men vil naturleg nok ha ekstra fokus på smittevernsrutinar den komande tida.
Ei avdeling i barnehagen Hatlehaugen er inntil vidare stengt. Resten av denne barnehagen kan trygt drifte vidare som normalt.