Sunnfjord kommune

Tre millionar kroner til dagsturhytteprosjektet

Tre millionar kroner til dagsturhytteprosjektet

Klikk for stort bileteFrå venstre: Jon Askeland (fylkesordførar Vestland), Jannicke Hilland (konsernsjef BKK), Hilde Bjørkum (kommunalsjef Sunnfjord kommune) og Atle Skrede (initativtakar til dagsturhyttene frå fylkeskommunen) Stig Roger Eide Torsdag 11. juni 2020 delte BKK ut tre millionar kroner til dagsturhytteprosjektet i Vestland fylke. Bildet er frå dagsturhytta Gytta i Førde. 

Pengegåve frå BKK

BKK gav tre millionar kroner til dagsturhytteprosjektet, til solcelle-installasjon til både eksisterande dagsturhytter, 25 i Sogn og Fjordane og 35 planlagde dagsturhytter i Hordaland. 

Fylkesordførar Jon Askeland tok imot pengegåva til Vestland fylke.

Dette vert 50 000 kroner i støtte per dagsturhytte, og Sunnfjord kommune får 200 000 kroner i støtte til sine fire dagsturhytter. 

Sidan vi allereie har solcelle-installasjon på alle hyttene våre, kan vi nytte desse midlande til andre gode formål i og rundt hyttene.

NRK var til stades under utdeling av pengegåva 11. juni, sjå innslaget til Vestlandsrevyen her