Sunnfjord kommune

To positive prøver med Covid 19

To positive prøver med Covid 19

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Sunnfjord kommune har i dag søndag 28.mars fått beskjed om to positive prøver med Covid 19 analysert ved laboratoriet til Helse Førde.

Den eine var ein nærkontakt til tilfella på Hafstad VGS tidleg i veka og var allereie i karantene.

Den andre positive prøva var på ein student som kom heim på påskeferie frå annan stad i landet.  Vedkommande er sett i isolasjon. Nærkontaktar er blitt kontakta i dag og sett i karantene. Til saman på dei to tilfella er rundt 10 personar i karantene i kommunen.

Situasjonen framstår i kveld som oversiktleg.