Tips til digital kommunikasjon med våre eldre

Digitale verktøy kan redusere oppleving av isolasjon hos eldre

Eldre med svekka helse som bur på institusjon eller heime, er av dei mest sårbare gruppene når det kjem til sjukdomsforløp av koronavirus. Sjukeheimar og andre institusjonar er pålagt besøksforbod og adgangskontroll for å beskytte dei som bur der. Felles aktivitetar og arrangement ved institusjonar er avlyst.

Både det å vere i risikogruppe og å ikkje kunne få besøk, kan føre til auka uro hos dei eldre. Pårørande betyr tryggleik og stabilitet. Den sosiale isolasjonen som følge av tiltaka mot koronavirus er ei ekstra utfordring både for den eldre sjølv, for pårørande og for hjelpeapparatet.

Ta kontakt med utviklingssenteret 

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester Vestland (Sogn og Fjordane) arbeider til vanleg med område som skal bidra til kvalitetsforbetring og auka livskvalitet for dei eldre. Velferdsteknologi er eitt av fleire viktige område som kan gjere kvardagen lettare for dei eldre og dei som arbeider i tenestene.

Dersom tenestene eller pårørande har spørsmål, eller ønsker å ta i bruk digitale verktøy, kan Utviklingssenteret hjelpe med kjøp, opplæring og brukarstøtte.

Kontaktadressa til Utviklingssenteret finn de her www.ushtsognogfjordane.no