Sunnfjord kommune

Tilskotsordning for arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

Tilskotsordning for arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

Formål med ordninga

Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.

Denne ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. oktober 2021.
Søkarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.  

Kva kan det søkast om?  

  • Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.  
  • Støtte til mindre inntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.  
  • Mindre inntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.    

Søknadsfrist

  •  15. november 2021

 

Informasjon og søknadsskjema

 

På sida til Lotteri- og stiftelsestilsynet finn du informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordninga

 
Kontakt oss om du har spørsmål

E-post covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.