Tilskot til tiltak i beiteområde

Sunnfjord kommune lyser ut midlar i ordninga tilskot til tiltak i beiteområde. 

Søknadsfristen er 1. mars 2024.

Om tilskotsordninga

Ordninga gjeld tiltak som bidreg til å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Midlane skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206)

Det kan i utgangspunktet gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i et område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære og ha eit visst omfang. Mindre kostnadskrevjande tiltak og lett omsettelege varer vert ikkje støtta. Ulike typar av faste og mobile investeringstiltak kan vere:

  • Beitebruksplan
  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerde for å sikre at dyr ikkje kjem inn i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

 

Prioriteringar for 2024

Retningslinjene for tilskot til tiltak i beiteområde for Sunnfjord kommune er under revisjon. Tiltak som vert prioritert i 2024 er: 

  • Elektronisk overvakingsutstyr
  • Faste installasjonar
  • Beitebruksplan

 

Send søknad innan 1. mars 2024

Søknadsskjema og regelverk finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Send søknad

 

Spørsmål

Om du har spørsmål ta kontakt med

Anne Fetveit

Telefon: 57 72 61 22

E-post: anne.fetveit@sunnfjord.kommune.no

Kontakt

Anne Fetveit
Rådgjevar landbruk og miljø
E-post
Telefon 57 72 61 22

Tilskot i jordbruket og gardskart