Tilskot til tiltak i beiteområde 2025

Sunnfjord kommune lyser ut midlar i ordninga tilskot til tiltak i beiteområde. 

Søknadsfristen er 1. mars 2025.

Om tilskotsordninga

Ordninga gjeld tiltak som bidreg til å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Aktuelle søkjarar er i hovudsak lag eller foreiningar (beitelag, sankelag) som er registrert i enhetsregisteret og driv næringsmessig beitedrift i utmark og set i verk investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde. Midlane skal forvaltast i tråd med: Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder (FOR-2013-02-04-206)

Det kan i utgangspunktet gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære og ha eit visst omfang. Mindre kostnadskrevjande tiltak og lett omsettelege varer vert ikkje støtta. 

Ulike typar av faste og mobile investeringstiltak kan vere:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerde for å sikre at dyr ikkje kjem inn i farleg område
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr
  • Beitebruksplan

Prioriteringar for 2025

Retningslinjene for tilskot til tiltak i beiteområde for Sunnfjord kommune vart revidert i 2024 og slått saman med tiltaksstrategien for tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). (Tilskot til tiltak i beiteområde finn du frå side 8 i tiltaksstrategien).

Tiltak som vert prioritert i 2025 er: 

  • Elektronisk overvakingsutstyr (e-bjøller)
  • Faste installasjonar
  • Beitebruksplan

Send søknad innan 1. mars 2025

Elektronisk søknadsskjema og informasjon om regelverket for tilskotsordninga  finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Send søknad

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål ta kontakt med:

Anne Fetveit

Kontakt

Anne Fetveit
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 72 61 22

Arbeider med tilskot i jordbruket og gardskart.