Sunnfjord kommune

Tilleggsvarsel for utviding av planområde for Skyttarkvia Aust, del av gbnr 22/2 i Sunnfjord kommune.

Tilleggsvarsel for utviding av planområde for Skyttarkvia Aust, del av gbnr 22/2 i Sunnfjord kommune.

Det vert vist til tidlegare kunngjering av planoppstart for detaljregulering med konsekvensutgreiing for Skyttarkvia Aust del av gbnr. 22/2. I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vart det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan for Skyttarkvia Aust del av gbnr. 22/2 i Sunnfjord kommune med formål om å legge til rette for bustadar i forlenging av det eksisterande bustadområdet Skyttarkvia i Førde.

Om planen

Viser til tidlegare utsendt varselbrev 02.11.2021 om kunngjering av planoppstart for detaljregulering med konsekvensutgreiing for Skyttarkvia Aust del av gbnr. 22/2. I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vart det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan for «Skyttarkvia Aust del av gbnr. 22/2» i Sunnfjord kommune med formål om å legge til rette for bustadar i forlenging av det eksisterande bustadområdet Skyttarkvia i Førde.

Utviding av planavgrensing

Så langt i planarbeidet har det blitt gjort ei trafikkvurdering, blitt utarbeidd VAO-rammeplan, prosjektert veg og fortau og gjennomført medverknad saman med Slåtten skule og Foreldreutvalets arbeidsutval (FAU) ved Slåtten. Det har også blitt avholdt arbeidsmøte med Sunnfjord kommune. På bakgrunn av dette har ein i samråd med kommunen kome fram til forslag om å utvide planavgrensinga til å omfatte større erstatningsareal for friområde og utvida areal for å kunne etablere fortau og gjere tiltak av bekkeløp.
Planområdet er i dag regulert til offentleg friområde i reguleringsplan Slåtten Nord, og avsett til friområde i arealdelen til kommuneplanen 2018-2030. Når ein no skal omregulere frå friområde til bustadbygging treng ein eit erstatningsareal for dette. Ein foreslår å utvide til eit større friareal i området nord for Slåtten skule, opp mot foten til ein naturleg langsgåande fjellhammar. Dette området er delvis i bruk som natur-leikeplass i dag. Når det gjeld utvidinga langs Slåttegeila er dette for å få tilstrekkeleg areal til å etablere fortau samt flaumsikringstiltak langs bekkeløpet. I følgje VAO rammeplan som er utarbeidd bør bekken utvidast med eit større tverrsnitt/volum for å ha tilstrekkeleg kapasitet ved flaum. Som eit generelt forbetringstiltak for trafikktryggleiken kan det vere aktuelt å etablere fortau langs Slåttegeila.
 

Sjå viktige dokument i saka

 

Vidare saksgang og medverknad

Det er høve til å kome med innspel/merknadar til tilleggsvarsel for utviding av planområdet. Tilleggsvarsel vert sendt til organisasjonar, offentlege instansar og grunneigarar som vert direkte påverka av utviding av planområdet. Merknadane skal vere knytt konkret til forslag om utviding av planområdet. Det er ikkje nødvendig å gjenta merknader som er sendt inn tidlegare, desse er allereie vurdert og teke med i planvurderingane. Viser til tidlegare utsendt kunngjering av planoppstart for nærmare informasjon om medverknad og vidare saksgang for planarbeidet.
Når det er utarbeidd forslag til detaljreguleringsplan med plankart og føresegner, vil reguleringsplanen bli lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere høve til å komme med innspel og merknader til det konkrete planforslaget.

Frist for å sende innspel eller merknader

  •  7. juli 2022

 

Innspel skal sendast til Nordplan AS v/ Grete Marøy Sellevoll

  •  e-post: gms@nordplan.no
  •  per post: Nordplan AS v/ Grete Marøy Sellevoll, Boks 685, 6804 Førde

 

Lovverk