Sunnfjord kommune

Tilbod om sorggrupper

Tilbod om sorggrupper

Klikk for stort bilete Oskar Andersen Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein som stod deg nær. Gruppa vil vere ein stad der du kan dele dine tankar og erfaringar med andre som opplever liknande situasjon.

Oppstart av sorggrupper 

Det er tilbod om sorggrupper to gonger årleg, haust og vår. Det vil bli starta opp gruppe i mars 2020 med føresetnad av nok påmelde. Gruppesamlingane vert leia av fagpersonar og vektlegg erfaringsdeling, men kan også ha faglege innlegg. 

Tilbodet er gratis. 

Tid og stad

  • Gruppesamlingane vil vere kvar andre veke kl. 18.30–20.00
  • Stad: Lærings- og meistringssenteret. Vievegen 1, 6812 Førde (ved Rema 1000)

Meld deg på til, eller ta kontakt for meir informasjon:

Påmeldingsfrist

Laurdag 29. februar 2020

Arrangør

Helse Førde, Kyrkjene i Sunnfjord og Sunnfjord kommune