Sunnfjord kommune

Tilbod om sorggruppe for vaksne

Tilbod om sorggruppe for vaksne

Mor trøstar barn med bamse illustrasjon - Klikk for stort bilete

Dersom du har mista nokon nære eller kjenner nokon som har det, kan du vite at her er tilbod om sorggruppe for vaksne i Førde.

Sorggruppa vert leia av to fagpersonar, og  består vanlegvis av fire til åtte deltakarar som møtast seks gonger på kveldstid.

Informasjon om sorggruppe (PDF, 416 kB)

Vi planlegg oppstart den 13. februar kl. 18.30.

Det er avgrensa plassar, og om ynskjer å delta kan du melde på innan 6.februar til:

Tilbodet er gratis og gjeld også for andre kommunar.

Arrangørar er Sunnfjord kommune, Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, Helse Førde og frivillige.