Sunnfjord kommune

Tilbod om oppfriskingsdose koronavaksine for alle over 75 år

Tilbod om oppfriskingsdose koronavaksine for alle over 75 år

Frå 1.juli 2022 anbefaler regjeringa at alle over 75 år får tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine.

Bebuarar på omsorgssentera, samt innbyggjarar som er 75 år og eldre med heimetenester får tilbod gjennom sine kommunale tenester.

Innbyggjarar som er 75 år og eldre bestiller time her.

Bestill time for oppfriskingsdose

I Sunnfjord kommune vaksinerer vi som før kvar veke, med unntak av ferieavvikling i veke 29, 30 og 31.

Dersom du ikkje får bestilt time på nett, kan du send e-post til vaksinasjon@sunnfjord.kommune.no eller ringe til sentralbordet  57 72 20 00 , så legg vi fortløpande inn på timar, når vi er tilbake på kontoret.