Sunnfjord kommune

Tilbod om dose 3 til alle over 65 år og helsepersonell i Sunnfjord kommune

Tilbod om dose 3 til alle over 65 år og helsepersonell i Sunnfjord kommune

Vaksine til dei som er 65 år og eldre

Vi tilbyr koronavaksine dose 3 til alle som er 65 år og eldre i Sunnfjord kommune. Dose 3 er ei oppfriskingsdose. Denne dosen er ein ekstra vaksinedose til personar som har hatt god effekt av dei to første vaksinedosene, men som over tid mister deler av beskyttelsen. 

Oppfriskingsdosa skal gjevast med eit intervall på minimum 5 mnd. etter dose 2. Dersom det ikkje er 5 månader sidan 2. dose må du ta kontakt med kommunen når du har venta i 5 månader, så set vi deg opp på time. 

Du finn informasjon om tidlegare vaksinasjon på Helse Norge.  

Meld deg på vaksinering i Førdehuset dersom det er 5 månader sidan dose 2. 

Førdehuset 16. desember

Førdehuset 6. januar

Det vert vaksinering i Førdehuset 6. januar, 25. januar, 15. februar og 15. mars 2022 for dei som ikkje har nådd 5 månader enda.

Når du har meldt deg på vil du i løpet av nokre dagar få ein SMS med tidspunkt for time.

Grunna avgrensa ventesoner og kapasitet, er det fint om du kjem til tidspunktet du er oppsett på, ikkje før tida.

Vaksine til helsepersonell

FHI har no slutta at dei utvidar anbefalinga om oppfriskingsdose til helsepersonell til å gjelde alle tilsette i helse- og omsorg. Det gjer ein for å redusere risikoen for at tilsette smittar vidare til brukarar. Ei oppfriskingsdose vil også auke beskyttelse for meir mild og moderat sjukdom.

Det skal gå minimum 6 månader mellom dose 2 og 3 for helsepersonell under 65 år.

Meld deg på vaksinering i Førdehuset dersom du er helsepersonell i helse- og omsorg og det er 6 månadar sidan dose 2.

Påmelding helsepersonell

Transport

Er du over 75 år og har problem med å skaffe transport sjølv, så kan du kontakte:

Friskliv- og frivilligsenteret seinast 3 dagar før oppsett vaksineringstime.

Om vaksinen

Det er foreløpig berre comirnaty (bioNTech/pfizer) som er godkjend av EMA til bruk som oppfriskingsdose.

Spørsmål

Om du har spørsmål eller treng hjelp, ring Sunnfjord kommune: 57 72 20 00