Kort om planen
Utval for samfunn, kultur og næring vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 20.04.2022
Teknisk drift har i samsvar med planstrategi for 2020-2023, utarbeidd framlegg til ny temaplan for trafikktryggleik for Sunnfjord kommune for perioden 2022-2025.
Planen er delt inn i to delar:
- Strategiplan: trafikktryggleik 2022-2025
- Handlingsplan: trafikktryggleik 2022-2025
Vedtak om ny trafikktryggleiksplan 2022-2025 vil erstatte mellombels trafikktryggingsplan for Sunnfjord 2020-2021, og trafikktyggingsplanar i tidlegare kommunar.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 13. juni
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 13. juni.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare sakshandsaminga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengeleg på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli ofentleg tilgjengeleg.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk skjema:
Send innspel til 21/5690
Du kan også sende innspel i posten eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 21/5690.
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post til Sissel Vedvik om det er noko du lurer på.
Sjå innkomne innspel og andre dokument
Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspel som er sendt inn.