Sunnfjord kommune

Temagrupper på Sunnfjord helsestasjon i Førde 2020

Temagrupper på Sunnfjord helsestasjon i Førde 2020

Klikk for stort bilete Oskar Andersen Helsestasjonen arrangerer temagrupper for spedbarnsforeldre med nyttig innhald ein gong i månaden. 

Temagrupper for spedbarnsforeldre 

  • Tid: Måndagar ein gong i månaden, kl. 12.00–12.45
  • Stad: Sunnfjord helsestasjon i rådhuset, Hafstadvegen 42,  oppmøte på venterom 3. etasje
  • Påmelding: Meld deg på til helsesjukepleiar eller til ekspedisjonen, telefon 57 72 21 30. Du får SMS-varsling dagen før temagruppa. 


Foreldre må gjerne møte opp før og bli verande for å prate med kvarandre etter gruppa. Tips: kombiner barselgruppetreff og temagruppe.

Program for temagrupper på Sunnfjord helsestasjon i Førde 2020

Temagrupper på Sunnfjord helsestasjon i Førde 2020
Dato Tema Ansvarleg
20. januar Førstehjelp til barn ( max 20 deltakarar) Jorunn og Vibeke, helsesjukepleiarar
24. februar Mat og måltid til spedbarn Trine helsesjukepleiar
23. mars Motorisk utvikling 0-1 år Elisabeth J. Verås, fysioterapeut
27. april Barn i ei online verd Maria Bergsholm, helsestasjonspsykolog
25. mai Førstehjelp til barn (max 12 deltakarar) Vibeke og Annlaug, helsesjukepleiarar
31. august Søvn i spedbarnsalder Kristine, helsesjukepleiar
28. september Førstehjelp til barn (max 12 deltakarar) Annlaug og Jorunn, helsesjukepleiarar
26. oktober Motorisk utvikling 0-1 år Elisabeth J. Verås, fysisoterapeut
23. november Feber og sjukdom hos sped- og småbarn Helsestasjonslege