Sunnfjord kommune

Tale ved minnestøtta på Bringeland 8. mai 2022

Tale ved minnestøtta på Bringeland 8. mai 2022

 Tala til ordførar, Jenny Følling, ved minnestøtta på Birgeland 8. mai.

Gratulerer med frigjeringsdagen. I år har vi verkeleg blitt minte om kor verdifullt det er å leve i fred. At kampen for fridommen har ein høg pris. Det er i dag 77 år sidan Noreg igjen vart eit fritt land, etter fem år i krig og okkupasjon. På frigjerings- og veterandagen heidrar vi norske veteranar frå andre verdskrig og alle som har delteke i internasjonale operasjonar. 
 
I fem år var Noreg okkupert av ei framand statsmakt. Tyske soldatar marsjerte i landet med våpen i hand. Mange mista livet, og mange levde år i fangeleirar. Det var fem år med redsle, avmakt, manglande ytringsfridom, matmangel og stengde skular.
 
8. mai 1945 vakna Noreg til meldinga om at krigen endeleg var over. Over heile landet har vi sidan 1945 markert frigjeringsdagen i takksemd til alle som kjempa i krigen. I takksemd til dei ofra alt for at Norge igjen skulle bli eit fritt land.  

Sunnfjord kommune har tradisjonen for å samlast her ved minnestøtta på Bringeland. Den vart reist i 1985 til minne om omkomne og såra i eitt av dei største og hardaste luftslaga under heile den andre verdskrig. Det skjedde den 9. februar, berre tre månader før krigen tok slutt. 

Britiske fly angreip tyske skip som hadde gøymt seg i Førdefjorden. 14 soldatar av Britiske, Canadisk og Australske opphav omkom. På minnestøtta står det at: «Dei gav alt for vår fridom». Vi må aldri gløyme det som skjedde, og det unge pilotar og navigatørar ofra livet for oss.

Med krigen i Europa som eit dystert bakteppe er det viktigare enn nokon gong å markere dagen. Russland har gått til eit meiningslaust angrep på Ukraina. Der føregår akkurat no ein brutal krig med store menneskelege lidingar, massedrap og brot på menneskerettar. Ukraina syner ein enorm kampvilje. For dykk som har stått i krysselden, må dette vere som salt i opne sår. Denne krigen må ta slutt, og Ukraina må bli eit fritt land igjen. 
I dag då vi markerer vi vår fridom i takksemd til dei som kjempa for Norge.

Tankane våre går i dag til det ukrainske folket som no står i grusame krigshandlingar. Gud vere med dei og la denne krigen ta slutt!

Dette er ei brutal påminning om at fridom ikkje er sjølvsagt. I eitt av verdas rikaste, tryggaste land, har vi eitt godt sikkerheitsnett og er heldig. Vi må stille opp for og hjelpe. Vi må stå saman for fridom, demokrati og solidaritet. 
 
Gratulerer med frigjeringsdagen!


Jenny Følling
Ordførar Sunnfjord kommune