Sunnfjord kommune

Suppleringsval av meddommarar - offentleg ettersyn

Suppleringsval av meddommarar - offentleg ettersyn

Formannskapet har i møte 10. september godkjent forslag til 3 nye meddommarar til Sogn og Fjordane tingrett og 1 ny meddommar til Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett. Kandidatane blir lagt ut til offentleg ettersyn. 

Offentleg ettersyn 

I samsvar med domstollova § 68 blir forslaget til meddommarar lagt ut til offentleg ettersyn i 2 veker.

Her finn du formannskapet sitt forslag til nye meddommarar.

Kommunestyret skal gjere endeleg val i møte 24. september. 

Har du innvendingar? 

Kvar og ein som som har innvendingar til forslaget blir oppfordra til å melde frå til kommunen. 

Send innvendingar til politisk sekretariat i Sunnfjord kommune på e-post til politikk@sunnfjord.kommune.no

Fristen for å kome med innvendingar er 24. september 2020.