Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune startar no registrering av ynskje om koronavaksine hos innbyggjarar fødde før 2003

Sunnfjord kommune startar no registrering av ynskje om koronavaksine hos innbyggjarar fødde før 2003

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Det er avgjerande for kommunen si planlegging av korona-vaksinering at vi får registrert om du vil ha vaksine. 
Dette gir oss naudsynt oversikt over kven vi skal kalle inn til vaksinering, og kven vi må kontakte via andre kanalar.

Innbyggjarar født før 2003

Det vert sendt ut melding via sms og e-post til innbyggjarar i denne aldersgruppa . Her får ein lenke til kommunen si heimeside, og de skal vidare følgje instruksjonane på denne sida. Prosessen er enkel, men krev bruk av BankID.

Det er viktig for oss at du svarer, både om svaret ditt er JA eller NEI. 

Om du svarar JA vil du motta innkalling digitalt til å bestille time for vaksinering når det er din tur i køen.

Om du svarar NEI og seinare ombestemmer deg, vil du sjølvsagt likevel kunne få vaksine.

NB! Du må trykke "bekreft" når du er ferdig med å fylle ut skjema, for at skjema skal bli sendt og registrert.

Trykk her for vaksineregistrering.

Dersom det er svært høg trafikk på dataserver kan det vere du får opp ein feilmelding. I så fall prøver du på nytt att etter litt tid.

 

Om du ikkje har bankID

  • Vi gjer og merksam på at ein kan registerere inn pårørande som ikkje har eigen BankID på vegne av dei, ved at ein sjølv logger seg inn.
  • Dersom du ikkje har bankID kan du ringe 57 72 20 00 . NB! dette er ein telefon berre for registrering, ikkje for informasjon.
  •  Vi treng opplysningar om: namn, personnummer og telefonnummer.
  • Du må og oppgje om du vil ta vaksine og om du eventuelt treng skyss.

Innbyggjarar født frå 1937 - 1955

Desse har fått melding på sms og har registrert seg. Dersom ein har svart JA vil ein bli kontakta om tid og stad ein skal møte for vaksinasjon.

Innbyggjarar født i 1956 og seinare

Personer i risikogrupper som er fødd i 1956 og seinare, skal ikkje registrere seg på denne måten. Desse vil bli kontakta direkte når det er deira tur i køen.

Innbyggjarar født 1936 og tidlegare

Vi har starta å vaksinere gruppa 85 år og eldre, og er per 13. januar ferdige med 1. runde for denne gruppa på Skei. I vekene som kjem skal dei resterande i gruppa 85 og eldre vaksinerast.

Vi nyttar ikkje den digitale registreringsordninga for vaksinering for gruppa 85 år og eldre. Dei vert kontakta direkte når det er deira tur, enten via heimesjukepleie, fastlegekontor eller frå kommunen. 

Innbyggjarar på sjukeheim

Dei som bur på sjukeheim er no alle ferdige med 1. runde av vaksineringa.

Den nasjonale prioriteringsrekkefølja for vaksinering 

Kommuneoverlegen informerer om vaksineregistrering