Sunnfjord kommune innfører fleksibel fakturering Vil du som innbyggar motta faktura for kommunale gebyr kvar månad, kan du kontakte Sunnfjord kommune, dette kan du gjere gjennom heile året. For å få månadleg fakturering må du opprette avtalegiro i nettbanken. Ønsker du avtale om fleksibel fakturering? Skriv e-post til: avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no Eller ta kontakt med kommunen på telefon 57 72 20 00 Kva opplysningar treng vi? Namn Gards- og bruksnummer Eigedomsskatt for 1. termin blir fakturert med forfall i mars, uansett om ein vel faktura med 12 terminar. Dei som vil ha 4 fakturaer i året slik som før, treng ikkje ta kontakt. Sist endra 23.03.2023 10.38