Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune følgjer dei tilrådde nasjonale smitteverntiltaka

Sunnfjord kommune følgjer dei tilrådde nasjonale smitteverntiltaka

Klikk for stort bilete 

Regjeringa offentleggjorde på kvelden søndag 3. januar ei rekke nye smitteverntiltak for dei komande to vekene. Bakgrunnen er at smittetala har auka mykje over store deler av landet gjennom julehøgtida, og den store mobiliteten i befolkninga i denne tida.

Møte i kriseleiinga i Sunnfjord kommune

Regjeringen skil mellom reglar og tilrådingar. Kriseleiinga i Sunnfjord kommune har i eit møte måndag førmiddag beslutta kva som skal gjelde i kommunen. Sjølv om det i vår region endå er ein kontrollert smittesituasjon, ser vi risikoen for større utbrot som klart auka dei første to vekene etter jule- og nyttårsfeiringa. 
 

Dei lokale tiltaka er oppsummert her:

Reglar:

  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, vert stengt fram til og med 19. januar. Dette gjeld og alle aktivitetar innandørs som samlar born og unge på tvers av klassar/ kohortar. Det vert presisert at regelen gjeld uavhengig av tal personar som eventuelt skulle delteke på aktiviteten. Eit unntak: I gravferder kan det vere opp til 50 personar samla i kyrkja, og 5 personer på minnesamværet.  
  • Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokal. Om ein er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtast.
  • Ungdomsskulane, dei vidaregåande skulane og vaksenopplæringa går over til raudt nivå. Ungdomsskulane og vaksenopplæringa er stengt 4. januar for å få førebudd drift på raudt nivå frå og med 5. januar. Dei vidaregåande skulane drifter på raudt nivå frå og med 6. januar. Kulturskulen vert driven på raudt nivå for ungdomsskule- og vidaregåande trinna. 
  • Tenestetorga i kommunen vert stengt for fysisk oppmøte, men kan nåast på telefon og e-post.
  • Det er innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement. 

Tilrådingar:

  • Unngå å ha gjester i heimen. Vent 14 dagar med private besøk. Det er unntak for naudsynte heimetenester og besøk hos personer som er i livets siste fase. Åleinebuande kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste vener eller til ein fast husstand. 
  • Barn i barnehagar og barneskuler kan ha besøk frå eigen kohort
  • Offentlege og private verksemder vert tilrådd å vurdere auka bruk av heimekontor dersom dette let seg gjere utan at det går ut over drifta til verksemda. Personer som har vore i områder med høgt smittepress, eller som har hatt besøk av personer frå slike områder, vert tilrådd å nytte heimekontor desse to første vekene. 
  • Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre avgrensningar på personar i lokalet slik at det er mogleg å holde avstand og ha adgangskontroll. 
  • Idrett:  Utandørs aktivitetar kan gjennomføras dersom det er mogleg å halde god avstand. Toppidretten og kulturutøvarar som har eit særskilt unntak med eigen regulering, vert ikkje omfatta.
  • Treningssenter og symjehallar kan haldast opne for individuell, ikkje-organisert trening når det er mogleg å halde avstand og ha god adgangskontroll. Bibliotek vert halde opent under tilsvarande krav.