Sunnfjord kommune

Stortingsvalet 2021 - manntal til offentleg ettersyn

Stortingsvalet 2021 - manntal til offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteManntalet for stortingvalet 2021 er no tilgjengelig for offentlig gjennomsyn på tenestetorga. 

Kven har røysterett? 

Ved stortingsvalet 2021 har du stemmerett dersom du oppfyller følgande vilkår:

  • er norsk statsborgar 
  • fyller 18 år innan utgangen av 2021
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge dei siste 10 åra

Offenteleg ettersyn

Manntalet er ei oversikt over alle personar som har røysterett ved stortingsvalet. Alle med røysterett blir automatisk innført i manntalet. Sametinget har eit eige manntal for dei med røysterett til sametingsvalet. 

Kvar du er manntalsført, er avhengig av kva kommune du er folkeregistrert som busett i per 30. juni 2021. NB! Du kan berre røyste i kommunen du er manntalsført i på valdagen, dersom du flyttar etter 30. juni må du hugse å førehandsrøyste. 

Manntalet for stortingsvalet og sametingsvalet 2021 for Sunnfjord kommune er lagt ut til offentleg ettersyn, på følgande stadar: 

  • Førde tenestetorg 
  • Naustdal tenestetorg 
  • Sande tenestetorg 
  • Skei tenestetorg 

Manntalet er tilgjengeleg innanfor ordinær opningstid: kl. 08.00 - 15.15.

Krav om retting 

Dersom du meiner du er feilaktig innført i eller utelate frå manntalet for Sunnfjord kommune, kan du krevje feilen retta. Krav om retting gjeld feil, ikkje om flytting etter 30. juni 2021.

Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve. Send kravet pr. e-post til: postmottak@sunnfjord.kommune.no