Sunnfjord kommune

Sterk og Stødig – treningsgruppe for seniorar

Sterk og Stødig – treningsgruppe for seniorar

Fysioterapitenesta på Skei startar opp att treningsgruppa for seniorar. 

 

Klikk for stort bilete

Treninga passar for deg som er litt ustø, og som kjenner at beina ikkje er like sterke som før. Fokus på styrke i beina og balanse. For å vere med bør du kunne gå korte distansar innandørs utan støtte, men undervegs i treninga kan du setje deg eller støtte deg til ein stolrygg. Ta med eigen treningsstrikk dersom du har.

Stad:

  • Arbeidsstova 1. etg. Vassenden Omsorgsenter tysdagar kl. 10.00
  • Kosekroken, Skei Omsorgsenter onsdagar kl. 10.00

Varigheit ca ein klokketime.

Kontaktperson:

  • Fysioterapeut Øygunn Juklestad, Skei (tlf 57 72 61 59)