Sunnfjord kommune

Start av detaljregulering Førde vidaregåande skule

Start av detaljregulering Førde vidaregåande skule

Klikk for stort bileteMed heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla start av detaljregulering Førde vidaregåande skule. Consto Bergen AS og Link Arkitektur AS gjennomfører planarbeidet for Vestland fylkeskommune. 
 

Vestland fylkeskommune ynsker å legge til rette for å utvide eksisterande vidaregåande skule for 1000 elevar på Indre Øyrane. Planarbeidet omfattar også ein barnehage aust for skulen samt ein tannklinikk. Planen skal leggje til rette for ein bymessig blå-grøn struktur som kan bidra til å gje området ein identitet som aukar attraktiviteten til Førde. 

Planområdet ligg nord for Førde sentrum gjeld 21/25, /96, /591, /37, /44 /581 og /582, på Indre Øyrane, og er samla ca. 56 dekar.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiing.

Ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande områdeplan Indre Øyrane.

Dokument i saka: 

Har du innspel?

Frist for å sende innspel eller merknader er 4. juni 2020

Slik sender du innspel
•    e-post: eif@linkarkitektur.no
•    per post: LINK arkitektur AS, postboks 383, 0102 Oslo 

Ynskjer du meir opplysningar?

Kontaktperson er Ellen Flatøy, tlf 97 17 12 43