Sunnfjord kommune

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har søknadsfrist 15. august

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har søknadsfrist 15. august

Klikk for stort bilete David Zadig Tiltaksstrategi for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 2020 – 2023 for Sunnfjord kommune er vedteken. Les strategien før du søker. Du finn den her:  Tiltaksstrategi 2020 - 2023  (PDF, 711 kB)

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15.august 2020

Korleis søke

Søknad og vedlegg sender du elektronisk via altinn.

Send søknadskjema med vedlegg her

Kven kan søke

  • Føretak som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot.
  • Eigar av landbrukseigedom kan søkje, dersom det er ein produksjon på landbrukseigedommen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot.

Aktuelle prosjekt må vere innanfor følgande tiltaksgrupper

  1. Kulturlandskapstiltak
  2. Biologisk mangfald
  3. Friluftsliv og tilgjengelegheit
  4. Kulturminne og kulturmiljø
  5. Forureiningstiltak
  6. Avrenning til vatn
  7. Utslepp til luft

Søknaden skal som eit minimum innehalde

  • Omtale av tiltaket
  • Framdriftsplan
  • Kostnadsoverslag ( frå bygningskyndig dersom det gjeld bygning)
  • Finansieringsplan
  • Kart over driftseininga der det aktuelle tiltaket, kulturminne, erosjonsutsette areal og område med viktige miljøkvalitetar er avmerkt.
  • Fotografi og/eller teikningar.
  • Løyve frå grunneigar dersom tiltaket skjer på leigd landbrukseigedom.
  • Gjødslingsplan og journal over nytta plantevernmidlar.

Har du spørsmål?

Du finn truleg svar på spørsmåla i tiltaksstrategien (PDF, 711 kB), eller ved å gå inn på nettsidene til Landbruksdirektoratet

Kontaktperson i Sunnfjord kommune

Ta kontakt med Linn Hovlandsdal om du har spørsmål.