Sunnfjord kommune

Søknadsfristen for å søke om kulturmidlar er 1. september

Søknadsfristen for å søke om kulturmidlar er 1. september

 Klikk for stort bilete Oskar Andersen Søknadsfristen for å søke om kulturmidlar i andre runde er 1. september 2020. 

Andre utlysingsrunde 

Vi har to utlysingar i løpet av året. Den første utlysinga hadde søknadsfrist 15. april. Dei som fekk innvilga tilskotsmidlar i første runde vil ikkje få midlar no i andre runde. 

Søknadsfrist, andre runde

  • 1. september 2020

Kven kan søke om kulturmidlar?

Frivillige lag og organisasjonar som har aktivitetstilbod innan kultur, idrett og friluftsliv i Sunnfjord kommune. Tiltak for barn og unge vert prioritert. 

Kva kan du søke om?

  • Drift av lag og organisajonar innan kultur, idrett og frilufsliv.
  • Arrangement og andre aktivitetstiltak.
  • Nærmiljøtiltak.
  • Andre tiltak innan kultur, idrett og friluftsliv. 

Krav til søknaden

  • Informasjon om søkar.
  • Skildring av aktiviteten / tiltaket det vert søkt om.
  • Budsjett for aktiviteten / tiltaket det vert søkt om.
  • Søker du om driftstilskot er det krav om å legge ved årsmelding og rekneskap for siste driftsår.

Andre vilkår til søkarar

  • Frivillige lag og organisasjonar må vere registrert i Brønnøysund - Frivilligregisteret.
  • I informasjon og annonsering skal det gå fram at tiltaket er støtta av Sunnfjord kommune.
  • Mottakarar av arrangementsstøtte pliktar å ha fri tilgjenge for personar som har følgekort.

Driftstilskot

Normalt kan ein søke på driftstilskot berre éin gong i året med søknadsfrist 15. april. I 2020 er det likevel opna for å søke òg på fristen 1. september for søkarar som ikkje allereie har søkt for 2020.

Søk om kulturmidlar  - driftstilskot 

Einskildarrangement og prosjekt

Det er to søknadsfristar i løpet av året til søknad om einskildarrangement og prosjekt. 

  • Søknadsfristar 15. april og 1. september

Søk om kulturmidlar - arrangement og prosjekt

Rapportering 

Får laget eller foreningen tilskotsmidlar er det sett krav om rapportering. 

  • Arrangement og andre tiltak: Skriftleg rapport og rekneskap skal sendast snarast råd etter at tiltaket er gjennomført. 
  • Driftstilskot til lag og organisasjonar: Signert årsmelding og rekneskap for tilskotsåret skal sendast kommunen. 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommunalsjef for kultur og idrett Hilde Bjørkum om du har spørsmål eller treng meir informasjon.